Hermann og Lovise Lammetun

Hermann og Lovise Lammetun

Hermann og Lovise Lammetun

Brudebilete av Hermann og Lovise Lammetun. Dei gifta seg i september 1941.
Brudebilete av Hermann og Lovise Lammetun, dei gifta seg i september 1941.

Hermann og Lovise Lammetun eigde den delen av øya Lammetun som vart mest utbygd til kystfortet under krigen. Der dreiv dei eit lite gardsbruk og Hermann hadde også fraktebåt. Han dreiv med fraktefart både før, under og etter krigen.
Hermann var oppvaksen på Lammetun, medan Lovise kom frå Kvaløya i Troms.
Dei gifte seg i september 1941. Under kan du sjå bilete av huset deira, slik det såg ut i 1944 etter at tyskerane var reiste.

I oktober 1941 vart dei tre familiane som budde på Lammetun tvangsflytta. Dei fekk berre få dagar på seg å pakke saman alt dei eigde og kome seg vekk. Det som vart att vart tysk eigedom. Dei tok med seg det dei kunne (tom. dyr og høy) og flytta til Lutelandet for å bu hos slektningar.
Ein av dei andre familiane på øya flytta også til Lutelandet medan den tredje familien flytta til Folkestad.
Den dagen dei flytta inn til slektningane sine på Lutelandet var det akkurat 1 månad sidan dei gifte seg.
Hermann vart rekvirert til fangetransport ei tid, for å frakte russiske krigsfangar som budde på Fure til Lammetun, som vart nytta under oppbygginga av fortet. Hermann frakta dei morgon og kveld, men ynskte ikkje å gjere det. Derfor arrangerte han ein maskinskade på kuttaren for å sleppe. Tyskarane sjekka båten, for å finne feilen og sikkert sjekke om han laug, men dei fann heldigvis ikkje feilen og Hermann vart friteken for å frakte fangane.
Eldste dottera til Hermann og Lovise, Ann – Turid, vart født medan dei budde på Lutelandet – i 1942.
Først i 1946 kunne dei flytte inn att i huset sitt, for dei måtte byggje det opp att så så seie frå grunnen av fordi det var så stygt medfare under krigen. Det hadde blitt brukt til kafe, med kjøkken og stove.
I 1946 fekk dei tvillingane Hildegunn og Ellinor, og i 1952 fekk dei yngste bornet sitt Liv-Helga.

Frode Haugen

Frode Haugen er son av Ann-Turid og Ansgar Haugen, Ann-Turid er eldste dottera til Hermann og Lovise Lammetun. Frode var dei fleste sommarferiane sine på Lammetun hos besteforeldra. Han har no tatt over eigedommen og det er han som står for vedlikehald og opprustning av fortet i dag.
Han driv som tømrar, og har etablert campingplass og utleigehytter på Lammetun i området rundt fortet.
Det er og han som står for vedlikehald og opprustinga av fortet. Kvart år går det mange timar med til rydding av skog og kratt. No når det ikkje lenger er beitedyr på området gror det fort att. Men fortet er godt vedlikeheldt og området haldast og godt nede for kratt og tre.
Han har rydda og renska fortet for rot og boss, sikra holer og lagt inn straum i hovudbunkersen, han har òg fått hengt opp bilde utstilling av lokale bilete frå krigstida inne i hovudbunkersen. Og har no planlagt ei ny utstilling, som vil fordelast på ulike plassar i fortet.