Om Lammetun Kystfort

Om Lammetun Kystfort

Lammetun Kystfort ligg på øya Lammetun, heilt vest i Fjaler kommune. Fortet er eit tysk fort etter 2. verdskrig.
Fortet er godt vedlikeheldt og det er ope for allmenta.
I dag kan ein gå inn i kommandoplassbunkersen, ammunisjonsbunkersen, forlegningsbunker ved luftvernstilling og tunnel for forlegningsbrakke.
Kanonstillingane er godt ivaretatt.
I utkikkstårnet ved kommandoplassbunkersen, kan ein sjå teikningar av landskapet rundt, måla av tyskerane sjølve.

I menyen finn du ulike tema, der du kan lese meir om fortet og den lokale krigshistoria.

Under bilda kan du lese meir om fortet.

I juni 1940 var heile Norge okkupert, men på tysk side var det frykt for britiske motaksjonar, difor starta den tyske marinen allereie sommaren 1940 bygginga av kystfort.
Forta låg på strategiske stader rundt hamnebyer, og ved innseglinga til fjordar. Bygginga heldt fram gjennom heile krigen, så i mai 1945 var det etablert rundt 300 kystfort langs kysten av Norge, frå Finnmark i nord til Østfold i sør. I Sogn og Fjordane var det 18 kystfort, og på kysten finn vi framleis godt synlege spor etter den omfattande bygginga av festningsanlegg.

Lammetun Kystfort ligg på øya Lammetun, heilt vest i Fjaler kommune.
I oktober 1941 starta tyskerane bygginga av kystfortet på Lammetun.
Som saman med Fure – fortet ha kontrollen med Vilnesfjorden og Buefjorden, samt sperre innløpet til Dalsfjorden. Det var stridsklart i juni 1942, men var ikkje ferdig utbygd då krigen tok slutt. Kring fortet var det også sett opp ein del falske kanonenr bygde av tømmerstokkar og finèr for å lure fienden ved eit åttak.

Ordre om evakuering vart sendt til dei tre familiane som budde på Lammetun, og dei fekk fem dagar på seg til å flytte.
Ein av familiane som vart tvangsflytta var ekteparet Hermann og Lovise Lammetun. I dag er det bornebornet deira – Frode Haugen som har overtatt eigedomen og kystfortet.
Etter at bygdefolk og buskap vart tvangsflytta, starta arbeidet på eit stort fjellanlegg med kommandoplass og forlegning for soldatar i ein tunnell under kanonstillingane. Mykje av arbeidet vart utført av russiske krigsfangar, som vart skyssa til Lammetun frå faangeleiren i Fureneset med motorbåten «Fagervik I» frå Leitet.

Kommandoplass med fjellanlegg
Formålet med kystfortet var kanonar som kunne nå mål ute på Vilnesfjorden og Buefjorden, og sperre innløpet til Dalsfjorden og Askvoll. Heile området vest for Lammetunfjellet vart ein del av kystfortet, men kanonbatteriet vart plassert på den vestlegaste delen av Lammetun. På høgste punktet vart det støypt ein stor bunker i to etasjar som skulle tene som kommandoplass for batteriet. Her var observasjonsrom med kikkert og ordretelefon som kunne nyttast til å sende ut ordrar og skytedata til kanonane. Under bunkeren vart det sprengd ut eit fjellanlegg med plass til forlegning, samband og sanitet. Alle inngangar inn til anlegget vart sikra med solide panserdører, og inne var det luftrenseanlegg, omnar, vasstankar og høve til matlaging.

Hovedskytset til batteriet var fire franske 10,5 cm feltkanonar. Tre kanonar vart plasserte i stillingar nede på neset, medan den fjerde stod like ved kommandoplassbunkeren. Kanonane kunne skyte granater mot mål på opp til ein avstand av 16.000 meter. Dei første kanonane på Lammetun var franske feltkannoner frå første verdskrig. Seinare vart dei erstatta av fire av nyare dato. Kystfortet hadde også tre mindre kanonar, ein bombekastar, maskingevær og flammekastarar som nærforsvar i tilfelle eit direkte angrep mot fortet. To luftvernkanonar skulle verne fortet mot flyangrep, og to store lyskastarar kunne lyse langt utover sjøen i mørket.

Ved fortet på Lammetun var det 96 befal og soldatar.

Fleire mindre bunkerar vart bygde til dekning for soldatane, men bunkeren som romma hovedlageret for ammunisjon, var spesielt kraftig bygd. Den var bygd etter standard mål, og var det som på tysk heitte Regelbau 607. På enden av vegen ut til Lammetun står grunnmuren til den store kjøkkenbrakka som også vart nytta av soldatane til kantine og kinosal. Nede på neset, i fjellet under to kanonstillingar, vart ein tunnel sprengd ut, og der inne stod ei brakke som var forlegning for kanonmannskap. Det vart sett inn både tyske ingeniørtroppar, norske arbeidarar og russiske krigsfangar for å få kystfortet ferdig, likevel var der anleggsarbeid stort sett heilt fram til krigen var slutt.

Etter krigen vart det rydda vekk 3066 miner kring fortet, og ein tysk offiser vart hardt skadd då ei mine gjekk av. Heilt fram til 1969 vart det funne miner på Lammetun

Fakta om kystfortet på Lammetun:

Tysk namn på fortet:HKB 13./981 Lammetun
Mannskapsstyrke:96 befal og menige soldatar
Hovedskyts:4 franske 10,5 cm feltkanoner
Stridsklart:Juni 1942

Mykje av informasjonen de finn her på sidene våre er henta frå Kjell-Ragnar Berges bok “Fronten er kysten!” –  Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (Eige forlag 1995/1999) .
Bilete: privat

Kommandobunkers:
På høgste punktet i festningsanlegget frå 2.verdskrig ligg kommandobunkersen. Inni observasjonsrommet til bunkersen (kuppelen) er landskapet måla slik ein såg det ute (med alle øyane uti havet) og med avstand og retning inntegna. På denne måten kunne ein raskt oppgje posisjonen til eit mål som var observert.
Vi har sett inn glas i sprekka mellom bakken og sjølve bunkersen for å hindre vatn og vind inn i rommet med utsikt ut i havet. Under krigen var her ikkje glas, men trelemmar som vart brukt. Glas reflekterer i sola så derfor vart ikkje det nytta. Bunkersen vart då synleg for motstandarane.
Sjølve kuppelen var dekka med torv slik at den ikkje skulle vise frå lufta. Derfor ser ein i dag at det heng metallkrokar på kuppelen. Dette for at den var kamuflert. På toppen ute er det nydeleg utsikt. Inni bunkersen kan ein gå ei trapp inn i fjeller som fører ned i ein stor fjellhall. Ein kjem ut att på bakkenivå.
Frå toppen av kommandotårnet er det fullt oversyn over skipsleia frå Nord-Solund til Staveneset.

Når ein går vidare sør-vest for kommandobunkersen  kjem du til “Ammunisjonsbunkersen”. Den vart som du høyrer i namnet brukt til å lagre ammunisjon mm.

Kanonstilling:
Vi har fire kanonstillingar på området til Lammetun kystfort. Den eine ligg i nærleiken av kommandobunkersen. Dei tre andre ligg sør-vest for kommandobunkersen, ca. 300 meter unna i luftlinje. Kanonstillinga du ser på bilete har som dei andre innfeldt kompass som vart brukt for å stille inn kanona slik at den fekk rette vinkelen for kvar ein skulle treffe. Før var ein sirkel inndelt i 400 grader mot dagens 360.
Dei første kanonane på Lammetun var franske feltkannoner frå første verdskrig. Seinare vart dei erstatta av fire av nyare dato. Granatane frå Lammetun – kanonane kunne treffe mål 16 000 meter unna.

I hovudbunkersen har vi no laga til utstilling av bilete frå 2. verdskrig. Her kjem det og til å kome utstilling av gjenstandar frå krigstida.

Set du på informasjon om Lammetun Kystfort eller om korleis det var her i området under 2. verdskrig? Eller kanskje du har bilete frå krigen frå Området Fjaler/Hyllestad/Askvoll?
Så ta gjerne kontakt med oss! 🙂
Epost: post@lammetunkystfort.com
Tlf. +47 90 65 24 90